Vegvedlikehald

Kor skal du melda frå om feil?

  • Fiks Gata Mi
  • Statleg og fylkeskommunal veg: Ring Statens vegvesen si vegmeldingsteneste på telefon 175. 
  • Kommunal veg: Ring Ulvik herad på 56 52 70 00 eller send ein e-post til post@ulvik.kommune.
  • Privat veg: Kontakt grunneigar. Dersom du ikkje veit kven grunneigar er, kontakt Ulvik herad på telefon 56 52 70 00.
Skjermbilete frå vegkart.no. Bokstavene KV syner at vegen er kommunal

Sjekk kven som har ansvar for vegen på Statens Vegvesen sine nettsider. Trykk på det aktuelle vegstrekket og få info om vegen/vegreferansen:

  • FV er fylkesvegar,
  • KV er kommunale vegar,
  • PV er private vegar.

Kva ansvar har Ulvik herad på kommunale vegar?

På kommunale vegar (KV) har Ulvik herad ansvaret for å vedlikehalda køyrebane, sideområde, skråningar og dreneringssystem.

Oppgåvene kan vera:

  • feiing og reinhald,
  • fjerning av søppel,
  • klypp av vegetasjon,
  • vegoppmerking og skilting,
  • brøyting og strøing om vinteren.

Omfanget av desse oppgåvene vert vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. 

Til toppen