Vasskvalitet

 

Osa Vassverk
Hovudvasskjelda til Ulvik herad består av to grunnvassbrønnar lokalisert i Osa.

Grunnvassbrønnane er tilknytt kvar si pumpe som pumpar drikkevatnet opp til handsaming i anlegget, før det vert pumpa vidare ut på det kommunale leidningsnettet. Under handsamingsprosessen blir vatnet først sendt gjennom UV-stråling, og deretter vert det tilsett vannglass. UV-strålinga har til hensikt å desinfisere vatnet, medan vannglass i hovudsak skal justere pH-verdien.

Høgdebasseng Øydve 


Høgdebassenget på Hakestad (Reserve) 
Grunnvasspumpene pumpar mot Hakestad høgdebasseng. Bassenget er eit fjellbasseng og ligg på kote 92. Volumet er 600 m3 som rekk til om lag 1 døgns forsyning med middels forbruk.

Reinseanlegget på Hjeltnes
Alt avløpsvatn på kommunalt nett ender opp på Hjeltnes reinseanlegg. Vatnet gjennomgår ein reinseprosess der alt slam og alle partiklar med størrelse ned til 1 mm vert silt av og lagt til tørk før det vert køyrt vekk til eit godkjent deponi. Vatnet som har vorte reinsa går vidare i røyr ut av anlegget med eit utslepp i Ulvikpollen på 42 m djupn.

Til toppen