Trygt barnehage og skulemiljø

Mobbing i skule og barnehage

Alle elevar har rett til å ha det bra på skulen og i barnehagen. Dersom du blir krenka eller mobba, er det viktig at du seier ifrå til nokon om det. Du vel sjølv kven du vil snakke med. Du kan til dømes ta kontakt med ein lærar, ein vaksen i barnehagen, helsesøster, foreldre, venner, trenarar eller andre du kjenner.

Mobbeombodet i Vestland.

Aina Drage og Hildegunn Hodneland er mobbeombod for barnehagebarn og elevar i grunnskulen. Mobbeomboda jobbar for at barn og elevar skal ha det trygt og godt. Dei kjenner rettane til barn og unge, og kan fortelje korleis du går fram om eit barn ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeomboda. Dei har teieplikt, og kjem ikkje til å seie noko vidare utan at du ynskjer det.

Her kan du lesa meir om Mobbeombodet i Vestland 

Artikkelliste

Til toppen