Sjølvbetjening

Fornye lån

Du kan fornye låna dine på "min side" dersom ingen står på venteliste. Materiale som er lånt inn frå andre bibliotek må du få hjelp frå ein bibliotektilsett til å fornye.

 

Reservere

Det materialet som biblioteket ditt eig, kan du sjølv reservere via biblioteket sitt websøk. Når du finn ein tittel du vil låne, finn du ei lenke oppe til høgre på sida der det står Reserver; klikk på denne så skal systemet hjelpe deg vidare.

 

Fjernlån

Fjernlån er aktuelt når du ikkje finn det du ynskjer å låne i ditt eige bibliotek. Om du finn materialet i eit anna bibliotek kan du låne det via biblioteksøk. Du kan få hjelp på biblioteket til dette.

 



 

Min side

Biblioteksøk

Til toppen