Finse Skulehus

Finse skule skal berre leigast ut til alle som er busett i Ulvik herad, til private føremål og til frivillige lag og organisasjonar i Ulvik. Endringa gjeld frå 1. januar 2022.

Det gamle Skulehuset på Finse

  • ligg rett ved togstasjonen 1222 moh (høgaste punkt på Bergensbanen)  '

 

Kapasitet: 

Det er utarbeida eit brannkonsept i 2022 der det er spesifisert ein del tryggleikstiltak som må gjennomførast, dette er ikkje ferdig enda.

Inntil desse tiltaka er utført og det er utført ei ny brannteknisk vurdering, er talet på overnattingsplassar redusert til 10 personar totalt.

Dette gjeld 1. og 2. etg. ( Hovudleilegheit og klasserom)

Det er ikkje lov med opphald og overnatting i kjeller og loft, det vil det framleis vera etter utførte av brannverntiltak.

  • Bad og varme, ved og straum; sjå prisar og avgifter. 

 

Ynskjer du å leiga skulehuset?

Dersom du ynskjer å leiga Skulehuset på Finse fyller du ut dette skjemaet

Manglar/feil eller skade på huset?  

Her kan du melde inn manglar/feil eller skade på skulehuset 

Til toppen