Bli Cittaslowsertifisert

Kven kan søkje om å bli sertifisert?

  • Absolutt alle næringsdrivande.
  • Lokalmatprodusentar og gardsbruk.
  • Lag og organisasjonar
  • Attraksjonar, museum, galleri og kunsthandverkarar.
  • Skule, barnehage og institusjonar.
  • Butikkar og utsalstader.
  • Hotell, resturantar og kaféar.

Søknad om å verta Cittaslowsertifisert 

Korleis gagnar det deg?

  • De blir med i tevlinga om årets Cittaslow-pris. Prisen vert delt ut på Oktobertorget kvart år.
  • De får tildelt eit diplom der det vert skildra kvifor akkurat di verksemd/lag har blitt godkjent.
  • De får eit skilt med Cittaslow-logo til å festa på yttervegg eller liknande.
  • De blir ein viktig del av arbeidet med å verna om og vidareutvikla «det gode liv» i Ulvik, samstundes som de stør opp om lokal produksjon og vidare utvikling av den flotte bygda vår og alt me har å by på i dag og i framtida.
  • De kan ta i bruk ein internasjonal anerkjent logo i all marknadsføring og blir del av eit lokalt,  nasjonalt og internasjonalt Cittaslow nettverk. 

Send oss ein søknad, då vel ! Etter søknaden er motteken kontaktar vi deg.

Cittaslowrådet vurderer kvar verksemd ut i frå desse kvalitetskrava:

Energi- og miljøarbeid

  • Verksemda har eit medvite forhold til miljø, avfallshandtering og resirkulering etter gjeldande forskrifter.
  • Verksemda forureinar ikkje det ytre miljø og følgjer gjeldande forskrifter for utslepp og resirkulering.


Infrastruktur

  • Fasadar og bygningar er velhaldne og innbydande
  • Skilting og informasjon er tilpassa arkitektur og miljø på staden
  • I desember er uteområde, vindauger eller fasadar pynta til jol, og er dekorert høveleg elles i året


Fornying og utvikling

  • Verksemda bidreg til utvikling i Ulvik gjennom innovasjon, nyskaping, produktutvikling og tenesteproduksjon
  • Verksemda tek del i ei berekraftig utvikling (kulturelt og/eller miljømessig)

Landbruk, reiseliv og handverk

  • Produksjon av lokale råvarer som er forankra lokalt gjennom produksjon/dyrking eller oppskrift
  • Bruk av lokale og regionale råvarer i matproduksjon og servering
  • Tek vare på kulturlandskapet
  • Nyttar og fornyar handtverk og lokale tradisjonar


Gjestfridom og vertskap

  • God kundesørvis og gjestfridom kjenneteiknar verksemda
  • Verksemda er oppteken av å ta godt vare på alle som besøkjer Ulvik, og av å syne fram Ulvik på ein god og rettvis måte


Fellesskap og integrering

  • Heile verksemda er godt kjend med og kan formidla kva Cittaslow står for i Ulvik.
  • Dei tilsette er godt kjend med historia til verksemda og bygda Ulvik (bygg, personar, stadar, tradisjonar osb.).


Lokalt samarbeid

  • De bidreg, samarbeider og tek del i lokale arrangement og hendingar.
  • Marknadsføringa skjer på nynorsk og gjerne på fleire språk der det er naturleg.
     




 

Til toppen