Ordførar

Ordførar i Ulvik herad er Jens Olav Holven frå Senterpartiet.

Om å kontakta ordføraren:

Ta gjerne kontakt med ordførar. Men ha på minnet at både e-postsendingar og annan post vil bli handsama i samsvar med "Lov om offentlighet i forvaltningen." Dermed må du rekna med at innhaldet i meldinga di kan bli offentleg tilgjengeleg.

Dersom du ynsker treffa ordføraren, kan det vera greit å avtale tid på førehand slik at du er sikker på at han er på kontoret. 

 

 

 

Ordføraren sine oppgåver:

Ordføraren er heradet sin rettslege representant og skriv under på heradet sine vegne der mynde ikkje er tildelt andre
Ordføraren har møte- og talerett i alle kommunale organ, men stemmerett og forslagsrett kun dersom ho/han er eit vald medlem
Ordføraren kan fatta vedtak i einskild saker eller type saker som ikkje er av prinsipiell karakter, dersom heradstyret gjer slik mynde

Til toppen