Innsyn- retningsliner og rutinar

På våre sider for innsyn kan du søke i heradet sine dokument og saker.  

Filtrering

Du kan enkelt filtrere på dato, periode, sakstype, type dokument, mm. 

NB! Me minner om at dokument sendt til heradet i utgangspunktet vert lagt ut på den offentlige postlista.

Her finn du innsyn 


Kven kan søkja innsyn?

Alle har rett til å krevja innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register dersom det ikkje er bestemt noko anna i lov/forskrift.

 

Du har likevel berre krav på innsyn i databasar dersom informasjonen kan verta søkt opp på ein enkel måte. Eit dokument finst ikkje berre på papir. Informasjon på til dømes  e-post og SMS kan vera eit dokument i lova si forstand.

 

Det er ikkje noko krav at den som krev innsyn må ha sakleg interesse. Innsynskravet må likevel gjelda ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning saker av bestemt art.


Kva kan eg få innsyn i?

Som hovudregel kan du få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til heradsstyret eller anna kommunalt folkevalt organ
  • Dokument til/frå kommunen sitt kontrollutval, klagenemnd eller kommunal revisjon
  • Dokument til/frå einingar i administrasjon som har sjølvstendig avgjerslemynde for saka dokumentet gjeld


Det er unntak frå innsynsretten, blant anna:

  • Kommunen har plikt til å nekta innsyn i opplysningar som er underlagt teieplikt (td personlege helseopplysningar)
  • Kommunen kan nekta innsyn i interne dokument og dokument som er innhenta utanfrå for den interne sakshandsaminga  (td dokument i tilsetjingssaker, rettssaksdokument, dokument i avtaleforhandlingar og vidare).



Kommunen skal behandla krav om innsyn så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan ein til tre arbeidsdagar.



Den som har fått avslag på innsynskrav kan innan tre veker krevja nærare begrunning og eventuelt klaga på avslaget til Statsforvaltaren. Klaga skal sendast til Ulvik herad, som behandlar den og videresender klage til Statsforvaltaren, dersom vedtak om avslag vert halde ved lag.

 

Arkivdelar i Ulvik herad. 
Her ser de ei oversikt over arkivet til heradet og kva som ikkje vert publisert på heimesida. 

Avtaler- avtale arkiv
Brann- brannførebyggande 
BRUKAR (sosialt, ikkje publisert på innsyn) 
DRIFT gbnr  
ELEV (ikkje publisert på innsyn)
FELL fellesarkiv saksarkiv administrativt
FELL2 fellesarkiv saksarkiv administrativt elektronisk
FLYK (flyktning, ikkje publisert på innsyn) 
LAND gbnr landbruk 
PERS (personalarkiv, Ikkje publisert) 
POL politiske møtebøker
POL 2 politiske møtebøker digitalt frå 10.23 


Ulvik herad sine rutinar for personvern og innsyn

 

Personvernerklæring Ulvik herad 

 

Arkivplan for Ulvik herad 

 

Regelverk og retningslinjer

Til toppen