Administrativ organisering

1.1 Organisasjonskart

Administrativ organisering pr. 01.01.2024

Heradet sin organisasjonsmodell er basert på delegert mynde frå rådmannen til kommunalsjefane, i tillegg til nokre fagspesifikke delegasjonar.

Einingane
Einingane i Ulvik herad er resultateiningar, med kvar sin kommunalsjef. Desse har delegert fullt økonomi- og personalansvar, samt mynde innanfor eige budsjett, med eigne mål og rammer.

Ulvik herad si målsetting er å styrka rolla som samfunnsaktør, med effektiv ressursbruk, god kvalitet på tenestene, høg grad av brukarmedverknad og lokaldemokrati.

Administrasjonen er oppteken av at heradet sine tilsette skal fungera som eitt lag, med fokus på korleis me kan møta innbyggjarane sine behov på best mogleg vis. Me skal og vera ein positiv tenesteleverandør, samarbeidspart, tilretteleggjar og saksførebuar.

Til toppen