Plangrense for ny plan på Finse og grense for mellombels forbod mot tiltak.Heradet skal lage ny reguleringsplan for Finse. Medan dette arbeidet pågår er det vedteke å innføre eit mellombels forbod mot tiltak, med heimel i plan- og bygningslova § 13-1.
Forbodet mot tiltak er knytt til vasspost, bygg til vassposten og andre tiltak for vatn og avlaup. Forbodet gjeld innanfor ny plangrense, sjå kartet der plangrensa er teikna med svart stipla linje.
Du kan framleis sende inn søknaden, og me vil vurdere alle søknadar konkret for om dei likevel kan handsamast. Om dei fell innanfor forbodet vil den leggjast på vent til plansaka er fullført. Du vil altså ikkje få avslag, men lagt til sides. Saka vert automatisk teke til handsaming når ny reguleringsplan er ferdig.
OBS! Forbodet gjeld også tiltak som ikkje er søknadspliktig. Ta derfor kontakt med heradet dersom du planlegg tiltak knytt til vasspost eller vatn og avlaup unnateke søknadsplikt så kan me rettleie deg.
Andre tiltak enn vasspost, bygg til vasspost og vatn og avlaup vil kunne gå vanleg saksgang.
Eit slikt forbod kan maksimalt gjelde i 4 år og vil då verte oppheva uansett om planarbeidet er ferdig eller ikkje. Men me jobbar for at planen skal vere ferdig før dette. Det vil kome meir informasjon om planarbeidet snart.