Korleis førebyggja pipebrann

Har du fått beskjed frå brannførebyggjar om antydning til beksot i pipa? Eller lurer du på korleis du kan førebyggja pipebrann? Vi har laga ei enkel guide med råd og tiltak du kan gjere sjølv.

Kva er beksot?

Beksot er eit hardt, blankt sotbelegg som kan oppstå ved dårleg forbrenning – ofte grunna fuktig ved, dårleg trekk eller lite oksygen. Det er svært brennbart og kan ta fyr ved låge temperaturar.

Når brannførebyggjar er på tilsyn eller feiing, sjekkar dei korleis soten ser ut. Lett, matt puddersot er ufarlig, medan beksot kan utvikle seg og bli ein brannfare om ein ikkje endrar fyringsvanar.

Slik kan du førebyggje beksot:

  • Bruk tørr ved og lagre ho tørt
  • Sørg for godt trekk, særleg ved opptenning
  • Ikkje overfyll omnen – veden skal brenne, ikkje ulme
  • Bruk opptenningsbrikettar i staden for papir
  • Reingjer omnen og omsrøyr jamleg

 

I nokre tilfelle kan beksot skuldast forhold som terreng eller skorsteinstilstand. Då kan brannførebyggjar hjelpe med råd og tilpassa løysingar.

Har du oppdaga beksot sjølv? Ta kontakt med feiaren for rettleiing og eventuell fjerning.