Kommuneplanen

Kommuneplanen er Ulvik Herad sitt overordna strategiske styringsdokument. Den fastset den langsiktige utviklinga i Ulvik, og angår difor alle som bur, jobbar og lever i kommunen. Kommuneplanen består av to delar: ein samfunnsdel og ein arealdel.

Kommuneplanen er ein langtidsplan som angir langsiktige mål, strategiar og prioriterte innsatsområder for utviklinga av Ulvikasamfunnet - og som på kart med tilhøyrande bestemmelser fastlegg i kva grad heradet sine areal og naturressursar skal verta brukt eller verna.
Kommuneplanen består av to delar: ein samfunnsdel og ein arealdel. 

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Samfunnsdelen inneheld langsiktige utfordringar, mål og strategiar for utviklinga av Ulvika-samfunnet, og dessutan tenestene og oppgåvene i kommunen. Samfunnsdelen inneheld også ein langsiktig strategi for arealbruk i kommunen - ein arealstrategi. Minst ein gong i løpet av kvar valperiode skal heradsstyret vurdera om det er naudsynt å gjera endringar i planen med bakgrunn i eigne behov og nasjonale eller viktige regionale retningsliner. 

Samfunnsdelen vart vedteke i heradsstyret 11.02.2026.

Planen undergår språkvask for tida og vil verta lagt ut her så fort dette er fullført.

Kommuneplanen sin arealdel

Arealdelen inneheld hovudtrekka i korleis areala til Ulvik skal verta disponert i eit langsiktig perspektiv.  Planen er øvst i kommunen sitt hierarki av arealplanar og inneheld rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, samt viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala. Planen består av plankart, føresegner og planskildring, og den dekkjer heile kommunen. Arealdelen skal sikre at bruken av areala bidreg til å nå dei måla som er satt i samfunnsdelen, i tillegg til nasjonale og regionale interesser. 

Arealdelen vart vedteke i heradsstyret 21.09.2016

Arealdelen i kart

Plandokumenta i planregisteret