
Å leggje planar på høyring er ein viktig del av alt planarbeid. Medverknad og høyringar vil variere utifrå krav i lovverk og behovet i den enkelte plan.
Eigarar og festarar av eigedom innanfor planområdet, eigedomar som grenser til planområdet og andre eigedomar som vert råka av planarbeidet, får direkte varsel. Det vil sei at heradet sender skriftleg brev med informasjon om planen og høyringa. Alle som er registrert som heimelshavar vil få brev, sjølv om de bur i same husstand. Relevante overordna mynde vert også varsla direkte. I nokre tilfelle sender me også til andre me meiner er relevant at vert varsla direkte, sjølv om dei ikkje eig eigedom.
Varsel om høyring vert også delt på kommunen sine heimesider, i appen Friskus og i papirtugåva av avisa Hordaland. Høyringsdokumenta finn du i heradet sitt planregister, og me legg også plankartet i digitalt format i heradet si kartløysing for publikum, Fonnakart.
I nokre planar vil det vere behov for anna type medverknad i tillegg til høyringa, og vil normalt gjennomførast i høyringsperioden. For reguleringsplanar er dette ofte folkemøte eller rundebord/workshop som vert nytta. Me kan og leggje til rette for til dømes grunneigarmøte og ein-til-ein møte om det er nokon som ynskjer det. Me prøvar å sjå behovet, men om me blingsar så ikkje nøl med å sei frå at du meiner me burde hatt anna type medverknad i tillegg til høyringa.
Kva tid i planarbeidet kjem planen på høyring? Og kva innspel ynskjer me?

Me ynskjer å høyre kva tankar du har om det som skal skje, eller ulike ting som me bør ta omsyn til. Har du til dømes tankar om mønehøgde, parkering, tiltak du draumar om å gjere på eiga eigedom som det ikkje er opna for i dagens plan? Veit du om problem med overvatn, sårbart naturmangfald eller svartelista artar som me kanskje ikkje er klar over?
Innspela bør vere begrunna. Innspel der det berre står “Eg er imot denne planen” er innspel det og, men det vert vanskeleg for oss og politikarane å ta stilling til det om du ikkje skriv kvifor du er i mot planen.
Sjølv om me er i startfasen når oppstartsvarsel vert sendt ut ynskjer me alle slags innspel då og. Det er viktig for oss å få eit blikk på kva syn folk har på det som skal skje når me går i gang med utarbeiding av planen. Når planen kjem på høyring og offentleg ettersyn så har me laga eit fullstendig planforslag. Det er nok enklare å kome med konkrete innspel når ein får sjå plankartet og føresegnene.
Det er ikkje klagerett i ein byggjesak på tilhøve som er avgjort i ein reguleringsplan og der klagefristen på reguleringsplanen er gått ut. Derfor er det viktig å sei i frå under arbeidet med planen!
Har du spørsmål eller det er noko som er uklart med planen, ikkje nøl med å ta kontakt.
Kva skjer med innspelet mitt?
Me vurderar alle innspel som kjem inn og dei vert lagt ved når planen skal til politisk handsaming slik at politikarane og kan sjå dei og ta stilling til dei. Me vil kommentere alle innspela og forklare vurderinga vår av dei og korleis dei vert handtert. Det er ikkje alle innspel som vil føre til endringar i planen, eller at planen vert avslutta. Det kan vere fordi det ikkje er fagleg anbefalt og/eller ikkje politisk ynskje om endringa, eller at endringa rett og slett ikkje er lovleg. Det er ikkje alt ein har lov å regulere i ein plan. Til syvende og sist, med unntak av det som er lovstridig, er det politikarane som bestemmar korleis planane skal sjå ut.
Høyring av andre typar planar
Me er glad i å lage planar og har derfor mange ulike typar planar som kjem med jamne mellomrom, ikkje berre reguleringsplanar. Dei vert ofte kalla temaplanar. Desse skal og på høyring, men dette er planar som gjerne ikkje gjeld bestemte eigedomar og me sender dei derfor ikkje ut direkte. Dei vert lagt ut på heimesida, i app og nokon gonger i avisen. Utifra kva type plan det er køyrar me ofte eit anna opplegg på medverknad i tillegg. Dette kan vere folkemøte, rundebord/workshop, gjestebud, opent kontor med meir.
Om du har tankar og idear om gjennomføringa av medverknad, gje beskjed! Me er veldig interessert i å forbetre korleis medverknad vert gjennomført og utforske nye metodar.