Generelt om PP-tenesta sine hovudoppgåver
PP-tenesta er uavhengig sakkunnig organ og kompetanse- og organisasjonsutviklar. Mandatet er heimla i Opplæringslova Kapittel 11 og Barnehagelova § 33.
Kvar kommune skal ha ei PP-teneste. Tenesta skal hjelpa barnehagen og skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling. Føremål er å legge betre til rette for barn og elevar med særskilde behov. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeida sakkunnig vurdering der lova krev det.
Område der PPT uttaler seg som sakkunnig instans
- Retten til tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging etter § 11-4, 11-5 og 11-6 i Opplæringslova og § 33 i Barnehagelova
- Rett til kompensatoriske hjelpemiddel (læremiddel er i utgangspunktet heradet sitt ansvar) • Teiknspråk i grunnskulen
Område der PPT uttaler seg på førespurnad frå kommunalavdeling oppvekst
- Utsett og framskunda skulestart
- Fritak frå opplæringsplikta
- Punktskrift i grunnskulen
- Inntak i vidaregåande opplæring
- Skule- og barnehagebyte
Kompetanse og organisasjonsutvikling
Heradet og fylkeskommunen har primæransvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av kompetansetiltak i barnehage og skule. PP-tenesta skal hjelpe til i dette arbeidet. Siktemålet er å styrka handlingskompetansen i barnehage og skule for å skapa godt og stimulerande læringsmiljø gjennom tilpassa og inkluderande opplæring (Meld. St. 6 (2019–2020) - regjeringen.no).
Utviklingsarbeid kan dreia seg om; Læring og utvikling gjennom kontinuerleg, systematisk og målretta refleksjon og endring som del av den ordinære samhandlinga mellom PPT og barnehage/skule.
Tilvising PP-tenesta Ulvik herad (PDF, 221 kB)
Telefonar:
Pedagogisk psykologisk rådgjevar Ann Kristin Steinhovden Wathne Tlf: 4000 7143
Logoped MNLF Ann Kristin Steinhovden Wathne Tlf: 4000 7143
For begge tenestene gjeld:
Telefontid måndagar kl. 14.00-16.00.
Legg igjen ein beskjed på telefonsvarar så ringer eg opp att ved første høve.
Alarmtelefon for barn og unge - tlf 116 111