Lågterskeltilbod og systemarbeid

Lågterskeltilbod gjeven av SPIRA.

Lågterskeltilbod er teneste som er lett tilgjengeleg for elevar, klassar og føresette utan behov for tilmelding. Saker meldt til ressursteam på skulen kan utløyse lågterskeltilbod. Målet er å førebyggja større problem ved å tilby tidleg intervensjon og støtte i ein uformell setting. Tilboda i lågterskel fokuserer på å gje rask og enkel tilgang til hjelp og støtte for utfordringar som borns utvikling, stress, søvnproblem eller sosiale vanskar. Lågterskel kan også gjevast som observasjon og rettleiing i klassemiljøsaker og rettleiing i klasseleiing.

Desse kan gje lågterskeltilbod: PP rådgjevar, logoped, helsesjukepleiar, familierettleiar, barnevernspedagog og psykolog.

 

Systemarbeid gjeven av SPIRA

Systemarbeid, derimot, handlar om å jobba på eit meir overorda nivå for å forbetra skulen/ klasse sitt generelle miljø og struktur. Dette inkluderer å utvikla og implementera strategiar og tiltak som kan hjelpa alle elevar, spesielt dei med spesielle behov. PPT sitt systemarbeid inneheld ofte samarbeid med lærarar og skuleleiing for å tilretteleggja undervisninga og skapa eit inkluderande læringsmiljø.

 

PPT si rolle

PPT si rolle i skulen inkluderer både lågterskeltilbod og systemarbeid. Dei gjev råd og rettleiing til skular om korleis dei kan tilretteleggja for elevar med spesielle behov, og dei utarbeider sakkunnige vurderingar når det er naudsynt. PPT jobbar også med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å sikra at skulen kan tilby et inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod.