Me tilbyr både lågterskeltilbod og hjelp i systemsaker, og me jobbar tett på for å fange opp behov tidleg. Målet vårt er å gi born og familiar god hjelp – på rett tidspunkt.
Me er her for deg – tidleg innsats og tett samarbeid
Spira arbeider førebyggjande og har eit sterkt fokus på tidleg innsats. Me samarbeider tett med både barnehagen og skulen slik at me saman kan søgja for at born og unge får den støtta dei treng.
Eit sterkt tverrfagleg lag
I Spira finn du eit samla fagmiljø med ulike profesjonar som jobbar saman for born og familiar:
- Helsestasjon
- Skulejelseteneste
- Helsesjukepleiar
- Logoped
- Barnevern
- Familierettleiar
- Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Saman gjev me heilskapleg og koordinert hjelp – slik at det skal vere lett å få støtte og rettleiing, uansett kva utfordringar du står i.
Kontakt oss mellom 09.00 – 14.00:
Einingsleiar: 40007186
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT): 40007143
Barnevern: 40007142
Barnevernsvakt etter kl 15.00 – 41863070
Helsesjukepleiar: 40007124
Familierettleiar: 40007187
Ta gjerne kontakt – me er her for å hjelpa!