Redusert foreldrebetaling

Har du låg inntekt?

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt.

 

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga.

Hvis maksprisen er høgare enn 6% av den samla inntekta til hushaldet, skal du ha ein redusert pris.

Ordninga går ut på at ingen skal betala meir enn 6% av inntekta sin per barn.

Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Kommunen har ansvaret.

 

Gratis kjernetid

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.

 

Her finn du informasjon om inntektsgrensen.

 

Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett til gratis kjernetid, har krav på 20 timar gratis opphaldstid uavhengig av størrelsen på plassen. Hvis nokon velger kun å bruka dei 20 timane, er tilbodet gratis.»

Informasjon om foreldrebetaling for barnehageplass og moderasjonsordning - UDIR

 

Her kan du søke om redusert foreldrebetaling

Nasjonal ordning for reduksjon av foreldrebetaling gjeldande frå 01.05.15, endring frå 01.08.16

1. Ingen hushald skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass.

2. Det vert gjeve syskenmoderasjon på 30% i foreldrebetaling for 2. barn og 50% for 3. barn eller fleire.

3. Hushald vert definert som ektefellar, registrerte partnarar og sambuar. Dei som kjem inn under denne ordninga er ektepar / sambuarar, forsørgjarar med delt omsorg og einslege forsørgjarar.

4. Den samla inntekta til hushald er utgangspunkt for redusert foreldrebetaling. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital og personinntekt.

Siste års sjølvmelding vert brukt som dokumentasjon. Manglande sjølvmelding f.eks som følgje av kort bu tid i landet kan kompenserast med anna dokumentasjon som lønnsslipp eller liknande.

5. Søknad og siste års sjølvmelding skal leverast barnehagen eller tenestetorg.

6. Redusert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at vedtak er fatta.

7. Vedtaka gjeld for 1 år. Etter 1 år må det søkjast på nytt med ny dokumentasjon.

8. Alle hushald som får endra den økonomiske situasjonen sin, eller sivile status, pliktar å opplysa om dette.

Til toppen