Har du låg inntekt?
Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt.
Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalingen
Hvis maksprisen er høyere enn 6 prosent av den samlede inntekten til husholdningen, skal du ha en redusert pris.
Ordningen går ut på at ingen skal betale mer enn 6 prosent av inntekten sin per barn.
Dette gjelder både kommunale og private barnehager. Kommunen har ansvaret.
Gratis kjernetid
Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per uke.
Frå 1. august 2025 er inntektsgrensa 669 050 kroner.
Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett til gratis kjernetid, har krav på 20 timer gratis opphaldstid uavhengig av storleiken på plassen. Dersom nokon vel kun å bruke dei 20 timane, er tilbodet gratis.
Foreldrebetaling for barnehageplass og moderasjonsordninger
Her finn du informasjon om inntektsgrensen.
Informasjon om foreldrebetaling for barnehageplass og moderasjonsordning - UDIR
Her kan du søke om redusert foreldrebetaling
Nasjonal ordning for reduksjon av foreldrebetaling gjeldande frå 01.05.15, endring frå 01.08.16
1. Ingen hushald skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass.
2. Det vert gjeve syskenmoderasjon på 30% i foreldrebetaling for 2. barn. For det 3. barnet og eventuelt fleire born, er det gratis barnehageplass
3. Hushald vert definert som ektefellar, registrerte partnarar og sambuar. Dei som kjem inn under denne ordninga er ektepar / sambuarar, forsørgjarar med delt omsorg og einslege forsørgjarar.
4. Den samla inntekta til hushald er utgangspunkt for redusert foreldrebetaling. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital og personinntekt.
Siste års sjølvmelding vert brukt som dokumentasjon. Manglande sjølvmelding f.eks som følgje av kort bu tid i landet kan kompenserast med anna dokumentasjon som lønnsslipp eller liknande.
5. Søknad og siste års sjølvmelding skal leverast barnehagen eller tenestetorg.
6. Redusert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at vedtak er fatta.
7. Vedtaka gjeld for 1 år. Etter 1 år må det søkjast på nytt med ny dokumentasjon.
8. Alle hushald som får endra den økonomiske situasjonen sin, eller sivile status, pliktar å opplysa om dette.
9. Frå 1.august 2025 er inntektsgrensa 669 050 kroner.