Barnehagemynde - rettleiing, tilsyn og godkjenning
Kommunen si rolle som lokal barnehagemynde er heimla i barnehagelova § 10 med forskrifter.
Som lokalt barnehagemynde skal heradet sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverket. Denne rolla vert utøvd gjennom rettleiing, tilsyn og godkjenning av alle barnehagane i kommunen. Ansvaret som barnehagemynde gjeld både for kommunale og private barnehagar.
Som barnehagemynde kan heradet gje pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege forhold ved godkjente eller godkjenningspliktige verksemder. Å sikra at regelverk vert følgt medfører aktivitet om å vurdera risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og plikt til å bruka verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i tråd med regelverket.
Trygt og godt barnehagemiljø (barnehagemynde)
Alle born har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø og lova frå 2021 skal sørgje for at dette skjer.
Ulvik herad er lokal barnehagemynde og skal sjå til at barnehagen i heradet føl reglane i barnehagelova med forskrifter. Dette føl av barnehagelova § 10 (lovdata.no).
Som barnehagemynde har kommunen tre verkemiddel til disposisjon:
- Godkjenning
- Rettleiing
- Tilsyn
Publisert 20.02.2025 12.22
Sist endra 21.02.2025 08.58