Lokalhistorisk arkiv har samlingane i sentrumsbygget og eige brannsikkert arkiv.
Arkivet har desse samlingane:
- Stadnamnarkiv
- Foto/film-og lydarkiv
- Privatarkiv
- Kulturminneregisterarkivet SEFRAK
- Slekts-utvandringsarkiv
- Gjenstandsarkiv
- Institusjonsarkiv
- Bygdebokarkiv
Kommunen har gjeve ut lokalhistoriske skrifter som er til sals.
Ta kontakt med Tenestetorget om du ønskjer tilgang til arkivet
Lokalhisorisk arkiv er produsert i Arkivportalen.
Oppskrift Arkivportalen
- Gå til www.arkivportalen.no
- Trykk på «pil ned» i det blå feltet og velg «avansert søk»
- Skriv emne i feltet for søkeord. Eksempel: krig
- Skroll vidare ned på sida til feltet for «Geografisk plassering» og skriv «Ulvik» i feltet for kommune
- Trykk på «Søk» nedst på sida
- Side med treff dukkar opp
- Trykk på blå lenkje for å sjå foto. Eksempel: G.F.02 – Brakanes i krigsbrannen 1940
- Velg «digitaliserte elementer» for å sjå foto
- Trykk på foto for større bilete (kjem i ny fane)
NB! Nokre foto er registrert med informasjon, men grunna opphavsrett kan dei mangle bilete.