Marcus - digitaliserte manuskrit og fotografi

MARCUS er ein portal til det digitaliserte materialet i Spesialsamlingane til Universitetsbiblioteket i Bergen.

Innhald i MARCUS

MARCUS inneheld  digitaliserte manuskript, fotografi, diplom og mykje meir.

Innhaldet er organisert på ein måte som gjev fleire ulike inngangar til materialet. Dei ulike inngangane finn du i menyen. Du kan orientere deg i dei ulike samlingane, søke etter bilete eller bla i album. Ein del av objekta er også ordna etter historiske hendingar, på ei kronologisk tidsline.

Digitale utstillingar

Det er også laga ulike digitale temautstillingar, sjå til dømes denne om Catharine Hermine Kølle (1788-1859) frå Ulvik.

Er dette noko for deg?

Denne kjelda passer godt for deg som er interessert i lokalhistorie, fotografi og meir generell historie.

Gjer deg kjent med MARCUS for å finne ut om det er noko for deg.

Brua i Ulvik, på vegen mellom Ulvik og Eide, ca år 1900.
Fotografi skapt av Knud Knudsen, henta frå MARCUS (Universitetet i Bergen)
Til toppen