Omsorg +

Omsorg + er eit nytt tilbod under etablering, med planlagd oppstart i løpet av 2026.

Omsorg + vil vera lokalisert ved Ulvik omsorgstun, og skal vera eit tilbod til personar med eit pleie- og omsorgsbehov som er så omfattande at det er utfordrande å gi eit forsvarleg tilbod i heimen. Samstundes skal omsorgsbehovet ikkje vera så høgt at det er behov for ein langtidsplass i institusjon.