Kjøkenet lagar maten på hovudkjøkenet, og maten blir sendt til avdelinga der bebuarane kan eta i lag på stova. Ein legg vekt på og tilpassa måltida etter dagsforma til den enkelte. Til dømes kan ein bebuar eta frukost på eige rom. Det er fokus på god mat som bebuarane har kjennskap til frå før, men me serverar og «nyare» rettar til lunsj gjerne. Serveringa av måltida blir gjort av personalet i avdelinga. Me tar og sjølvsagt omsyn til allergiar, ynskjer og spesialkostar.
Ved særskilte høve som høgtider serverar me ekstra god mat. Til jol produsera me til dømes eig sylteflesk, rullepylsa og gravlaks. Og me invitera bebuarar, gjerne med pårørande til jolakoldtbord i starten av desember, der ein får høve til og smaka alt det gode pålegget vårt.
Kvar haust held me og haustfest med smalahovud på menyen, for bebuarane, her får dei høve til og ta med ein pårørande til festmåltidet i kantina.
Menyane fyljer elles sesongane, med eigne høgtidsmenyar.
Måltidsrytme omsorgstunet.
Måndag - fredag
Frukost | 09:00 |
Lunsj | 12:30 |
Middag m. dessert/kake | 15:30 |
Kveldsmat | 18:30 |
Laurdag og sundag
Frukost | 09:00 |
Middag m. dessert/kake | 13:00 |
Kaffi og kake | 15:30 |
Kveldsmat | 18:30 |
Ved høgtidsdagar fyljer ein måltidsrytmen for vekedagar, unnateke jolafta som har eigen rytme.
Merknad: Det er moglegheit for sein kvelds til dei som ønsker det. Ein kan og få forfriskingar, som drikke og frukt utanom måltida.
Heimebuande får utkøyrd middag mellom 13:00 og 14:00, kvar dag. Andre tider kan førekomma ved høgtider.
Søknadsskjema helse - og omsorgstenester (PDF, 143 kB)
Kantina på Ulvik omsorgstun
Kantina på omsorgstunet er ope for bebuarar, pårørande og andre besøkande til omsorgstunet. Her kan ein kjøpe seg kaffi eller noko og bita i. Om ein ynskjer og eta lunsj eller middag må dette førehandstingast, seinast kl. 10:00 den dagen det gjeld, for middag laurdag og sundagar er det fint om ein tingar seinast dagen før. Dette kan gjerast direkte til kjøkenet på telefon 400 07 164.
Kvar torsdag, utan om helgedagar og sommaren er det seniortreff på omsorgstunet. Deltakarar på dette kan tinga seg middag desse dagane, påmelding til seniortreff og tinging av middag må gjerast seinast onsdagen innan kl. 15:00.
Kvar måndag til torsdag i skuleåret serverar me elevane på skulen lunsj i kantina, mellom 11:00 – 11:40, på dette tidsrommet er kantina stort sett full, men ein kan sjølvsagt handla i kantina likevel.
Opningstider:
Måndag til fredag: 10:00 – 15:00
Laurdag og sundagar: 10:00 – 14:30
Kantina er og samlingstaden for konsertar tilknytt den kulturelle-spaserstokken, samt nytta ved ulik arrangement som til dømes Poesifestivalen.