Seniortreff

Kvar torsdag er det seniortreff i kantina på omsorgstunet. Dette er eit sosialt møtepunkt for alle over 65 år. Innhaldet varierer, og vert bestemt av deltakarane sjølve. Det er ofte songstund, - og nokre gonger er det andakt v/presten. 

Ulvik herad v/Den kulturelle spaserstokken arrangerer også konsert nokre gonger i året.

Det vert servert kaffi og kake/kaffimat, og ein har høve til å tinga seg middag som vert servert etter treffet.

Alle som ynskjer å delta på treffet må melda seg på.  Dette på grunn av branntryggleik, samt tillaging av kaffimat. Dersom du ynskjer middag må dette også tingast.

Påmelding til kjøkenet - tlf. 400 07 164 - seinast onsdag kl.15:00.

 

Kaffimat og evt. middag betalast direkte i kantina

 

Merk:

  • Det er ikkje seniortreff på heilagdagar og om sommaren