Innhald i tenesta
Tenesta vert gitt av fagkyndig personell, og skal dekkja omfattande og varige behov for helsehjelp som ikkje kan løysast med helsetenester i heimen eller andre helse- og omsorgstilbod.
Langtidsopphald i sjukeheim vert tildelt ved Ulvik omsorgstun.
Det er inntaksnemnda som etter søknad fattar vedtak om langtidsplass i institusjon
Søknad om helse- og omsorgstenester
Kven kan få tenesta
Tenesta er for personar som bur og oppheld seg i Ulvik herad eller som har konkrete planar om å flytta til Ulvik, og som har behov for døgnkontinuerleg helsehjelp og omsorg.
Brukaren må ha så store og samansette behov at det ikkje lenger er forsvarleg å bu heime. Dette kan til dømes vere ved kognitiv svikt, alvorleg funksjonsnedsetting, livets sluttfase eller ved behov for medisinsk utstyr og kompetanse som berre finst i sjukeheim. Før vedtak om langtidsopphald blir fatta, skal andre aktuelle tiltak på lågare omsorgsnivå vera vurdert eller prøvd ut. Vurderinga vert gjort tverrfagleg og individuelt, med grunnlag i kartlegging, helseopplysningar og brukaren sitt eige ønskje.
Eigenbetaling
Det vert fatta eige vedtak om eigenbetaling etter reglane i ‘forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester' kapittel 1.
Heimel og rettskjelder
- Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 3-1, 3-2 første ledd nr. 6 bokstav c og 3-2a
- Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 og 2-1e
- Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester, Ulvik herad, Vestland
- Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
- Forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
- Tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Ulvik herad