Korttidsopphald

Korttidsopphald i institusjon er eit tidsavgrensa tilbod til personar som i ein periode har behov for døgnkontinuerleg helsehjelp, pleie og omsorg. Behovet må vera så omfattande at det ikkje kan bli gjeve i eigen heim, sjølv med tilrettelagd hjelp.

Innhald i tenesta

Opphaldet kan vere aktuelt ved akutt sjukdom, funksjonssvikt eller når det er behov for rehabilitering, utgreiing, vurdering eller vidare behandling etter sjukehusopphald. Korttidsopphald vert òg nytta som lindrande behandling ved livets slutt, eller som eit førebyggjande tiltak for å oppretthalde funksjonsevne og meistring.

Tenesta skal sikre naudsynt oppfølging og tilrettelegging i ein overgangsfase, der personen treng tettare og meir omfattande helsehjelp enn det som er mogleg å tilby i heimen.
Tilbodet vert gitt ved Ulvik Omsorgstun.


Det er Inntaksnemnda som etter søknad fattar vedtak om alle typar korttidsopphald, med unntak av ØHD.

 Søknad om helse- og omsorgstenester

 

Typar korttidsopphald

  1. «Øyeblikkelig hjelp døgnopphold» (ØHD): Heradet har eit ØHD-tilbod ved Ulvik Omsorgstun frå 01.01.26, jfr. Helse- og omsorgstenestelova § 3-5. Heradet har avtale med regionalt helseforetak om organisering av ØHD-tilbodet jfr. Helse- og omsorgstenestelova § 6-2 nr. 4 – sjå Tenesteavtale 4 - Saman
  2. Rehabiliteringsopphald: Tilbod til personar med behov for tverrfagleg og koordinert rehabilitering, der tiltak i heimen ikkje er tilstrekkeleg. Søkjaren må ha eit reelt rehabiliteringspotensial, kunne sette eigne mål og ta imot rettleiing.
  3. Utgreiingsopphald: Gjev tilbod til personar som treng tettare medisinsk eller funksjonell observasjon og oppfølging. Det kan gjelde etter tidleg utskriving frå sjukehus, ved forverra helsetilstand, eller ved behov for palliativ behandling
  4. Anna korttidsopphald: Vert gjeven når brukaren av ulike årsaker ikkje kan få nødvendige tenester i heimen, og opphaldet ikkje fell inn under rehabilitering, utgreiing, eller ØHD.

 

 

Felles kriterium for alle typar korttidsopphald

Korttidsopphald i institusjon kan tildelast personar som har behov for døgnbaserte helse- og omsorgstenester i ein avgrensa periode. Eit eller fleira av følgjande kriterium må vera oppfylte:


- Behov for medisinsk behandling, rehabilitering eller observasjon etter sjukehusopphald, der vidare oppfølging ikkje kan skje i eigen heim.
- Personen har eit avklart og mellombels behov for døgnbaserte tenester som observasjon, pleie, behandling, opptrening eller rehabilitering.
- Behovet er knytt til akutt eller kronisk sjukdom, redusert funksjonsevne eller forverra helsetilstand som gjer det naudsynt med heildøgns pleie og omsorg.
- Opphaldet skal medverke til å oppretthalde eller forbetre funksjonsevne og meistring i kvardagen.
- Behov for kartlegging og vurdering av helse, funksjonsevne og vidare hjelpebehov.
- Behov for lindrande behandling og pleie ved livets slutt (palliasjon).
- Andre aktuelle tiltak som utvida heimetenester, dagtilbod eller tilrettelegging i heimen, skal vurderast og/eller prøvast ut før opphald i institusjon vert innvilga.

 

Eigenandel

Kommunen krev eigenandel etter ‘forskrift om eigenandel for kommunale helse og omsorgstenester’ § 4.
Pasienten må sjølv dekke transportutgifter til og frå korttidsopphaldet.

 

Heimel

  • Pasient- og brukarrettslova § 2-1
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav c
  • Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Ulvik herad