Mat til pasientar ved Ulvik omsorgstun
Me tilpassar måltida etter behov og dagsform, og tilbyr både tradisjonsmat og nyare rettar.
Spesialkost, allergiar og konsistenstilpassing vert ordna etter ønskje og behov.
Til høgtider lagar me ekstra god mat, mellom anna eige julepålegg og sju sortar jolekaker. Om hausten inviterer me til haustfest med smalahovud i kantina.
Måltidsrytme
Laurdag og sundag
| Frukost | 09:00 |
| Middag m. dessert/kake | 13:00 |
| Kaffi og kake | 15:30 |
| Kveldsmat | 18:30 |
Måndag – fredag
| Frukost | 09:00 |
| Lunsj | 12:30 |
| Middag m. dessert/kake | 15:30 |
| Kveldsmat | 18:30 |
Ved høgtidsdagar fyljer ein måltidsrytmen for vekedagar, unnateke jolaftan som har eigen rytme.
Publisert 08.04.2026 12.46
Sist endra 08.04.2026 14.07