Kjøkentenesta ved Ulvik omsorgstun

Omsorgstunet har eige kjøken, som spelar ei viktig rolla i å skapa gode måltidsrammer, med god heimelaga mat frå botnen av. Kjøkenet lagar mat til bebuarane på huset og til heimebuande, og me tar på oss catering av møtemat og anna både til einingar i heradet, men og til andre ved kapasitet.

 

Mat til pasientar ved Ulvik omsorgstun

All mat vert laga ved hovudkjøkenet, og maten vert sendt til avdelinga der bebuarane kan eta i lag på stova. Ein legg vekt på å tilpassa måltida etter dagsforma til den enkelte. 

Kjøkenet har fokus på god mat som brukarane våre har kjennskap til, men me serverar og «nyare» rettar til lunsj gjerne. Serveringa av måltida blir gjort av personalet i avdelinga. 

Treng ein tilpassa mat, som spesialkostar, allergi eller konsistens tilpassa mat, tar me sjølvsagt omsyn til dette. Me strekk oss og langt for ynskjer og preferansar for den enkelte.

Til høgtider serverar me ekstra god mat, og særleg til jol produserer me eige pålegg som rullepylsa, gravlaks og gjerne sylteflesk. Me bakar og minst 7 sortar jolekaker som vert servert til bebuarane.

Kvar haust held me haustfest for bebuarane med fylje. Då står smalahovud på menyen, og me dekker opp til eit festmåltid i kantina.

 

Måltidsrytme omsorgstunet

Måndag – fredag                                          

Frukost09:00
Middag m. dessert/kake13:00
Kaffi og kake15:30
Kveldsmat18:30

 

 

 

 

Laurdag og sundag

Frukost09:00
Lunsj12:30
Middag m. dessert/kake15:30
Kveldsmat18:30

 

Ved høgtidsdagar fyljer ein måltidsrytmen for vekedagar, unnateke jolaftan som har eigen rytme.

Merknad: Det er moglegheit for sein kvelds til dei som ønsker det. Ein kan og få forfriskingar, som drikke og frukt utanom måltida.

 

 

Mat til heimebuande

Heimebuande får utkøyrd middag mellom 13:00 og 14:00, kvar dag. Andre tider kan førekomma ved høgtider. 

Ved behov kan ein og få heimkøyrd frukost, lunsj og kveldsmat.

Dersom du ynskjer heimkøyring av mat må dette søkast om.

For meir informasjon om matombringing og korleis du søker, sjå her Matombringing - Ulvik herad

 

Kantina på Ulvik omsorgstun

Kantina skal vera ein sosial stad der alle er velkomne. 

Her kan pårørande ta med seg bebuarar på «kafé», eller besøkande kan få kjøpa noko å eta og drikka. 

 

Kantina har ope alle dagar i veka, og er ope for sal til desse tidene:

Måndag – fredag 09:00 – 15:00 (lunsj kl.12:30, middag kl.13:30)

Laurdag og sundag 10:00 – 14:30 (middag kl.13:00)

 

Kvardagar: Alle som vil kan tinga lunsj eller middag (må tingast på førehand - seinast same dag kl. 10:00)

Helg: Berre høve til å tinga middag (må tingast på førehand - seinast fredag kl.10:00)

Tinging på telefon til kjøkenet på 400 07 164

 

 

Catering

Kjøkenet tar og på seg catering ved kapasitet. Me tilbyr alt frå påsmurt som rundstykke, snittar, salatar, supper, middag og pizza. I tillegg tilbyr me eit godt utval av heimelaga kaker.

På helg tar me ikkje på oss catering, unntaksvis kan me levera ut ferdiglaga supper og gryter som ein kan varma sjølv. I tillegg kan ein tinga kaker for henting (gjeld ikkje kremkaker som bløtkake, verdas beste eller pavlova).

Førespurnad om catering- og kakemeny, samt tinging av mat kan rettast til kjøkenleiar på e-post: hilde.underdal@ulvik.kommune.no