Dagtilbod for personar med demens

Dagtilbod for personar med demens er eit tilbod ved Ulvik Omsorgstun. Tilbodet skal gi sosialt fellesskap, aktivitetar og ein trygg og meiningsfull kvardag.  Eit viktig mål er å bidra til å vedlikehalda funksjonsevne, styrkje livskvaliteten og førebygge isolasjon og einsemd. Kjenner du nokon som kan ha behov for dette tilbodet? Dagavdelinga er òg ei viktig avlasting for pårørande!

 

Opningstider

Dagavdelinga for personar med demens og kognitiv svikt er ope kvar tysdag kl. 09.00–15.00

 

Me tilbyr

· Henting og bringing

· Frukost og lunsj

· Tilpassa aktivitetar

· Fysisk, sosial og kognitiv stimulering

 

Nye deltakarar er hjarteleg velkomne!

 

Kontakt

Demenskoordinator Annlaug Brandstveit Telefon: 412 16 339 

E-post: annlaug.brandstveit@ulvik.kommune.no

Eller

Tildelingskontoret: tildeling@ulvik.kommune.no

 

Eigenbetaling

Det vert kravd eigenbetaling for måltid. Pris vert fastsett etter gjeldande satsar i Ulvik herad. For meir informasjon om prisar og faktura, ta kontakt med Tildelingskontoret

 

Heimel

  • Pasient- og brukarrettslova § 2-1
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 7
  • Tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Ulvik herad