Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ein alarmknapp til bruk i eigen bustad som gjer det mogleg å kunne tilkalla hjelp på ein enkel måte ved uføresette og akutte hendingar

Alarmen består av ein boks med høgtalar og mikrofon, samt ein alarmknapp som du kan bere som eit halssmykke eller som klokke på armen. Når du trykker på alarmknappen blir du sett i kontakt med helsepersonell ved Ulvik Omsorgstun via to-vegs kommunikasjon gjennom alarmboksen. Helsepersonell vurderer behov for utrykking og kjem heim til deg ved behov, uansett tid på døgnet.
Tryggleiksalarm er meint som ein tryggleik ved brå og alvorleg endring i helsetilstand, der du ikkje er i stand til å hjelpa deg sjølv og treng rask hjelp frå helsepersonell. Dette kan til dømes vera fall med skade, pustevanskar eller andre symptom som ikkje kan vente på vanleg helsehjelp.
Alarmen skal ikkje erstatta kontakt med fastlege, og ved livstruande situasjonar skal ein alltid kontakta naudnummer 113.

 

Søknad om helse- og omsorgstenester

 

Særskilde vilkår for tryggleiksalarm

  • Tryggleiksalarmen skal berre nyttast i situasjonar som krev rask hjelp frå helsepersonell.
  • Tenesta kan avsluttast dersom alarmen vert misbrukt - til dømes at den vert utløyst i situasjonar som ikkje kan definerast som akutte.

 

Kven kan få tryggleiksalarm

  • Personar med stor risiko for fall, og som ikkje klarar å komma seg opp utan hjelp
  • Personar med alvorleg eller kronisk sjukdom, t.d. KOLS, diabetes, hjartesjukdom
  • Personar som har vanskar med å bruka vanleg telefon eller mobiltelefon for å tilkalla hjelp
  • Personar som kjenner seg utrygg, eller føler uro i heimen

 

Eigenbetaling

Ein betalar ein fastsett sum per månad, i tillegg til eit monteringsgebyr.
Prisen vert fastsett av heradsstyret, og kan verta justert - sjå gebyrhefte.

 

Heimel

Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste, men eit velferdsteknologihjelpemiddel Ulvik herad vel å tilby sine brukarar'