Tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Ulvik herad

Ulvik herad v/avdeling helse og velferd har utarbeidd eit hefte for å gje innbyggjarane informasjon om dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Heftet er også eit verktøy for sakshandsamarar ved vurdering og tildeling av tenester.

Heftet inneheld informasjon om korleis helse- og omsorgstenester vert tildelt, samt informasjon og beskriving av kvar enkelt teneste – dette kallar me tenestestandard. Tenestestandard skal bidra til å klargjera gjensidige forventningar mellom innbyggjarar og kommunen, og leggja grunnlag for kva ein kan forvente av dei kommunale tenestene. Samtidig skal dei medverka til ei forståing av korleis tenester vert tildelte, og styrka samarbeidet mellom innbyggjar og kommune gjennom open og tydeleg informasjon.

Tenestestandard Ulvik herad (PDF, 658 kB)