Tannhelsetenesta

Det er fylkeskommunane som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. Ulvik har eigen tannklinikk lokalisert i sentrumsbygget.

Tannpleier Lene Opdal Kvarmestøl er i Ulvik ein dag annakvar veke (oddetalsveker) og etter behov.

Det er også tannlege tilknytt klinikken - denne kan rykka ut til akuttbehandling for dei som ikkje kan koma seg til Voss på grunn av redusert helse - t.d. bebuarar på Ulvik omsorgstun.

Tannhelsetenesta deltek i barseltreff og i undervisning på skulen.

 

Kven har rett på gratis tannbehandling?

  • Alle barn t.o.m. det året dei fyller 18 år. I hovudsak vert dei kalla inn til tannhelsetenesta annakvart år
  • Eldre, langtidssjuke og uføre som opphold seg i institusjon eller mottar heimesjukepleie

 

 

Ulvik tannklinikk - kontaktinformasjon

Adresse: Skeiesvegen 5, 5730 Ulvik

Telefon: 56 52 61 42

E-post: post.vos@vlfk.no (ikkje send sensitiv informasjon på e-post)

Heimeside: Ulvik tannklinikk - Vestland fylkeskommune

 

Tannlegevakt

Tannlegevakt for Ulvik er lokalisert i Bergen.

For meir informasjon, sjå Tannlegevakta i Bergen - Vestland fylkeskommune