Kommunepsykolog

I tillegg til individuelle samtalar, arbeider kommunepsykologen med kompetanseheving, rettleiing, system- og planarbeid.
 

Psykologkompetanse i kommunale helse- og omsorgstenester

Føremålet med psykologkompetanse i dei kommunale helse- og omsorgstenestene er å bidra til å styrkja det samla og tverrfaglege kommunale tilbodet innan psykisk helse – og rusfeltet. 

Det gjeld helsefremjande og forebyggjande arbeid, tidleg intervensjon og behandling av psykiske problem og/eller rusmiddelproblem for menneske alle aldersgrupper.

Krav om psykologkompetanse i kommunane er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 3-2

 

Tilbod om individuelle samtalar

Kommunepsykolog kan tilby individuelle samtalar. 

Tilbodet inneber hjelp til meistring av milde til moderate psykiske problem, og er meint å vera av kortvarig art. Tilbodet kan også innebera samarbeid med andre hjelpeinstansar, og ein vil få råd og rettleiing for vegen vidare etter samtalane

Du vert kalla inn til individuell samtale på bakgrunn av tilvising frå fastlege, helsesjukepleiar eller tilsett i teneste for psykisk helse og rusarbeid. Tilbodet er gratis. 

 

Nettbaserte ressursar

Visste du at det finst mange ulike lågterskel samtaletilbod for fleire ulike problemstillingar? På denne heimesida finn du ei samla oversikt: 

Hjelpetelefonar og nettstadar - Rådet for psykisk helse

Slit du med angst, stress, depresjon, søvnvanskar, eller treng hjelp til å få til ei endring i livet? Då kan desse verktøya vera nyttig for deg:

 Verktøy - tenester.helsenorge.no

 

Dersom du har akutt behov for psykisk helsehjelp, ta kontakt med fastlege eller legevakt. Ved livstruande tilstandar, ring 113.