Logopedteneste for vaksne

Ulvik herad har inngått avtale med Logoped Ann Kristin S. Wathne. Innbyggjarar i Ulvik som har behov for logoped, kan tilvisast av lege, og vert då prioriterte hjå logopeden. Logopedbehandlinga vert normalt dekka av HELFO etter Folketrygdlova kapittel 5 - Stønad ved helsetenester, med tilvising frå lege. Logopeden vil i kvart einskild tilfelle vurdere kva ho kan bistå med, og om behandlinga vert dekka etter Folketrygdlova.

Logopeden arbeider med fagområder som:

· Leppe- /kjeve- / ganespalte

· Stramt tungeband

· Stamming og løpsk tale

· Afasi og andre erverva kommunikasjonsvanskar

· Kommunikasjonsvanskar i samanheng med ulike utviklingsforstyrringar

· Alternativ supplerande kommunikasjon

· Stemmevanskar

· Svelgevanskar

· EILO (exercise induced laryngeal obstruction)

Logopeden kan også gje råd og rettleiing i samband med lese- og skrivevanskar og dysleksi, og eventuelt bistå med dokumentasjon på dysleksi. Dette vert ikkje dekka av HELFO.

 

Logopedteneste for born er organisert under barne- og familieeinga Spira - sjå meir informasjon her: Logoped - SPIRA 

 

Kontaktinformasjon

Logoped Ann Kristin S. Wathne MNLF

Adresse: Sæbøvegen 39, 5784 Øvre Eidfjord 

Mobil: +47 95733370 

Epost: ak.steinhovden@gmail.com 

Org.nr.: 831 773 022