Skulehelseteam er eit tverrfagleg fora i barne- og ungdomsskulen og har som målgruppa born frå 1.-10.klasse. Teamet drøftar problemstillingar som oppstår på skulen, i grupper og enkeltsaker. Alle profesjonane i teamet har ein rådgivande funksjon .Teamet tilbyr tverrfagleg rettleiing og fordeler ansvar og oppgåver.
Skulen, føresette og elevar kan melde saker inn til teamet. I enkeltsaker skal det innhentast samtykke frå føresette. Føresette vel om dei vil delta eller ikkje. Saker kan også drøftast anonymt.
Målet med skulehelseteam
Gjennom forpliktande tverrfagleg samarbeid skal ein kome fram til bistand og tiltak for å:
- Fange opp og vurdere behov for innsats så tidleg som mogleg
- Sørge for at born, foreldre og skulemiljø får nødvendig hjelp og oppfølging
- Finne riktige og heilskaplege sammensatte tiltak
Ansvar
Teamet driftast og leiast av rektor. Teamet skal fordele oppfølgingsansvar i møtet.
Profesjonssamansetning
- Skule v/ rektor
- Skule v/ ressursteam leiar
- Skule v/assisterande rektor
- Skule v/ miljøterapeut
- Helsesjukepleiar i skulehelsetenesta
- Fysioterapeut for barn og unge
- PPT
- Barnevernstenesta
- Kommunepsykolog
Ved behov/ aktuelle saker kan ergoterapeut, lege, logoped, anna pedagogisk personale eller flyktningetenesta kallast inn. Dersom det er tenleg og ynskje kan elevar også væra med.
Møteplan
Det skal væra regelmessige møter, 6 per år.