Kommunepsykolog for barn og ungdom

Individuelle samtalar med psykolog inneber hjelp til meistring av milde til moderate psykiske problem, og er meint å vera av kortvarig art. Tilbodet kan også innebera samarbeid med andre hjelpeinstansar, og ein vil få råd og rettleiing for vegen vidare etter samtalane.

 

Kven kan få tenesta?

Barn og unge under 18 år med milde til moderate psykiske problem med tilvising frå fastlege, helsesjukepleiar eller teneste for psykisk helse og rusarbeid (POR).

Pris

Tenesta er gratis 

Kontakt 

Du må ha tilvising frå fastlege, helsesjukepleiar eller teneste for psykisk helse og rus (POR)

Heimel

Tilbodet er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 3-2

Akutt psykisk helsehjelp 

Kommunepsykolog har ikkje akuttfunksjon.  


Dersom du treng akutt psykisk helsehjelp, ta kontakt med din fastlege, eller legevakt utanom ordinær arbeidstid (tlf: 116 117).  
Ved livstruande tilstander ring 113.