Omsorgsstønad

Omsorgsstønad kan tildelast som ei delvis økonomisk kompensasjon til foreldre (eller andre med foreldrerett) som er vurdert til å ha eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Dette gjeld omsorgsarbeid som klart overstig normal omsorg for barn på same alder.

Dersom omsorgsstønad innvilgast, vil det gjerast ei konkret og individuell vurdering på kor høg kompensasjonen skal vera. Utmålinga vert gjort etter etablerte prinsipp, og eventuell innvilga hjelpestønad frå NAV trekkast frå utmålt kompensasjon.
Omsorgsstønad innvilgast for inntil eitt år av gongen. Det er heradet som etter kartlegging tar stilling til om det skal innvilgast omsorgsstønad, eller om behovet skal dekkast på andre måtar. Omsorgsstønad er ikkje meint som kompensasjon time-for-time, og det skal takast omsyn til andre helse- og omsorgstenester den hjelpetrengande mottar.
Heradet kan legge ei viss vekt på si eiga økonomi i vurderinga av om det skal innvilgast omsorgsstønad.

 

Søknad om helse- og omsorgstenester

 

Kven kan få tenesta

  • Privatperson som utfører særleg tyngande omsorgsarbeid for ein som er hjelpe/pleietrengande
  • Omsorgsstønad kan vurderast om omsorga klart overstig normal omsorg for born på same alder
  • Den som har hjelpebehovet ynskjer at denne personen skal stå for hjelpa, og det vurderast til at det er det beste båe for omsorgsmottakar- og ytar
  • Det må dokumenterast at det er søkt hjelpestønad frå NAV

 

Heimel og rettskjelder

  • Helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-6
  • Pasient- og brukarrettslova §§ 2-1 og 2-8
  • I-42/98 - Retningslinjer for omsorgslønn
  • Brev frå Helsedirektoratet til landets statsforvaltarar: "Omsorgsstønad - Rettslige rammer og forholdet til forsvarlighetskravet"