Avlastning for foreldre med særleg tyngande omsorgsarbeid

Avlastning er eit tilbod til føresette/andre som utfører særleg tyngande omsorgsarbeid for eit born dei har dagleg omsorg for.


Kva form for avlastning som vert gitt avheng av den einskilde sitt behov og vert individuelt tilpassa. Avlastning finns i fleire formar – til dømes einskildtimar og/eller døgn. Avlastning kan gis i båe institusjon og privat heim.

Tenesta vil sjåast i samanheng med det totale tilbodet familien mottar. Avlastning vert som utgangspunkt innvilga med inntil eitt år av gangen.

 

Søknad om helse- og omsorgstenester

 

Kven kan få tenesta

  • Føresette/andre som har dagleg omsorg og utfører særleg tyngande omsorgsarbeid for eit barn.
  • Omsorga må klart overstige normal omsorg for barn på same alder

 

Eigenbetaling

Tenesta er gratis

 

Heimel

  • Pasient- og brukarrettslova § 2-8
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-6