Helsehjelp i heimen - heimesjukepleie
Heimesjukepleie er ei helseteneste som vert gitt til personar som har behov for nødvendig helsehjelp i eigen heim. Tenesta rettar seg mot personar med akutt eller kronisk sjukdom, kognitiv svikt eller funksjonsnedsetting, og vert tildelt etter ei fagleg vurdering som tek utgangspunkt i brukaren sitt funksjonsnivå og helsetilstand. Heimesjukepleie vert tildelt som punktvise besøk individuelt tilpassa brukaren. Målet med tenesta er å gi støtte og hjelp slik at brukaren kan bu heime så lenge som mogleg.
Kven kan få tenesta
Heimesjukepleie kan tildelast personar som bur eller oppheld seg mellombels i Ulvik herad, og som har behov for helsehjelp i heimen. Dette kan vere personar med akutt eller kronisk sjukdom, kognitiv svikt eller nedsett funksjonsevne, og som heilt eller delvis ikkje klarer å utføra nødvendige helse- og omsorgsoppgåver sjølv. Behovet blir vurdert gjennom ei fagleg kartlegging med særleg vekt på funksjonsnivå, evne til eigenomsorg og den samla helsetilstanden.
Avgrensingar
• Pasientar som er mobile skal som hovudregel få hjelp ved fastlegekontoret ved behov for til dømes stell av sår, skift av kateter eller dren, blodprøvar eller injeksjonar.
• Dersom hjelpebehovet kan løysast ved bruk av hjelpemiddel eller velferdsteknologiske løysingar, er utgangspunktet at ein først skal forsøke dette - I slike tilfelle kan det bli gitt opplæring i bruk av utstyret i ein avgrensa periode.
Eigenbetaling
Tenesta er gratis
Heimel
- Pasient- og brukarrettslova § 2-1
- Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav a
Publisert 08.04.2026 14.49
Sist endra 08.04.2026 14.49