Innhald i tenesta
Hjelpa kan til dømes bestå av reingjering av bustad, klesvask, sengeskift m.m. og skal bidra til at du kan bu trygt og godt heime. Praktisk bistand/heimehjelp skal tilpassast kvar enkelt, og skal støtta opp under eigne ressursar. Tenesta vert tildelt og tidsavgrensa etter individuell kartlegging og vurdering av funksjonsnivå, helsetilstand og behov. Tenesta kan også innvilgast som opplæring og rettleiing.
Heimehjelp er ei søknadspliktig teneste. Etter at søknaden er mottatt, vil søkjar bli kontakta for ei vurderingssamtale og/eller eit heimebesøk, der hjelpebehova vert kartlagt. Kartlegginga vert vanlegvis gjort av sakshandsamar og relevant fagperson frå tenesta.
Søknad om helse- og omsorgstenester
Kven kan få tenesta
- Personar som på grunn av nedsett funksjonsevne eller sjukdom ikkje klarar å ivareta praktiske oppgåver i heimen, sjølv med god tid, hjelpemiddel og tilrettelegging
- Andre husstandsmedlem ikkje er i stand til å utføra oppgåvene. Det vert gjort ei vurdering av heile husstanden samla.
Forventningar til tenestemottakar
- Syta for naudsynt reingjeringsutstyr (t.d. støvsugar, mopp, klutar, miljøvenleg vaskemiddel)
- Er til stades når hjelpa kjem
- Kan vera villig til å testa hjelpemiddel som t.d. robotstøvsugar
- Bidreg med det ein klarar – følgjer opp eigentrening og aktivitet om det er ein del av opplegget
- At ein ikkje røyker ved besøk – og at ein luftar godt ut på førehand
- At ein held hundar og andre husdyr vekke frå dei tilsette – om mogleg på eige lukka rom - Legg til rette for at tenesta kan utførast – syta for god framkomst – rydda snø og strø privat veg, syta for utvendig lys
- Dersom bustaden er svært skitten/rotete, må bustaden vaskast ned/ryddast før tenesta kan starta
Særskilde vilkår for heimehjelp
- Berre rom som er i dagleg bruk vert reingjort. Ved stort husvære må du prioritera eitt bad og ei stove for reingjering.
- Vask av vindauge, tak, veggar og dusjkabinett er ikkje inkludert i tenesta
- Tenesta er ikkje tilgjengeleg i helgar og på heilagdagar. Om din reingjeringsdag fell på helg- eller heilagdag vert timen fjerna og ikkje fakturert
- Du må vera til stades i heimen når du får hjelp - Dersom du er reist vekk, eller det av andre grunnar ikkje passar å få hjelp ein dag, må du hugse å avbestilla. Heimehjelp som ikkje er avbestilt innan 48 timar i forkant vert fakturert
- I feriar eller ved sjukdom kan tenesta verta avgrensa eller avlyst
- Oppgåver som t.d. pussing av sølvtøy, hagearbeid, dyrehald og flyttehjelp er ikkje kommunen sitt ansvar
Eigenbetaling
Ein betaler eigenandel for tenesta. Kommunen tar betalt etter reglane i kapittel 2 i forskrift om eigenbetaling for helse- og omsorgstenester. For berekning av eigenandel vert det henta inn inntektsopplysningar direkte frå Skatteetaten. Summen av husstandens samla inntekt vert lagt til grunn. Nivå for eigenbetaling vert årleg fastsett av Ulvik heradsstyre, og pris skal gå fram av gjeldande gebyrhefte.
Heimel
- Pasient- og brukarrettslova § 2-1
- Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav b
- Tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Ulvik herad (HST 10.12.25 sak 105/25)