Fritidskontakt

Fritidskontakt – også kalla støttekontakt – er ei teneste som kan tildelast born, ungdom eller vaksne som ikkje kan delta på ulike fritidsaktivitetar på grunn av fysiske, psykiske eller sosiale avgrensingar.Målet med tenesta er å hjelpa menneske til å få ei sosial og meiningsfull fritid.

Fritidskontakt er ei søknadspliktig teneste. For meir informasjon om korleis du søker:

Søknad om helse- og omsorgstenester

 

 

Kven kan få tenesta?

  • Personar med ei funksjonsnedsetjing, uavhengig av type diagnose, som gjer at vedkommande treng bistand for å for å utføra fritidsaktivitetar og for å kunne delta sosialt. Døme på funksjonsnedsetting: Somatisk/kroppsleg eller psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne.
  • Framandspråklege, t.d. flyktningar, som treng hjelp til å bli kjend i lokalmiljøet, bygga sosiale nettverk og samstundes læra språk. Fritidskontakt kan bidra til å finna møteplassar, samt fremma integrering og deltaking.

 

Eigenbetaling

Tenesta er gratis, men ho dekker ikkje kostnadar i samband med aktivitetar.
Heradet dekker eventuelle utgifter til aktivitetar som fritidskontakten har med ein fastsett sum.

 

Heimel

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2, punkt 6 bokstav b

 

 

Vil du bli fritidskontakt?

Alle kan i utgangspunktet verta fritidskontakt, det er ikkje krav om fagleg bakgrunn eller liknande. Ein må visa politiattest, samt skriva under på oppdragstakaravtale.

 Me oppfordrar alle over 16 år til å sende inn ein open søknad!

Ved oppdrag som fritidskontakt, får ein ei godtgjersle for dei timane ein arbeider. I tillegg dekkast inntil kr 433,- per månad i utgifter i samband med oppdraget. 

 

Søk på stilling som fritidskontakt her 

 

Her kan du lesa meir om kva det vil seie å vera fritidskontakt (PDF, 218 kB)