Følgjekort (ledsagerbevis)

Om du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søka om følgjekort

Søknadsskjema følgjekort

 

 

Innhald i tenesta

Følgjekort er eit digitalt kort som du får tilgang til via ein app på telefonen. Kortet inneheld bilete og namn på innehavaren. Kortet skal gje følgjeperson fri tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel der ordninga vert akseptert.
Ordninga er landsdekkjande og kan nyttast over kommune- og fylkesgrensene. Du må sjølv undersøkje om følgjekortet vert godteke på arrangementet du vil delta på
Merk at følgjekort er ei norsk ordning og du kan difor ikkje rekna med at kortet vert akseptert i utlandet.

 

Kven kan få tenesta?

  • Vaksne med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med antatt varigheit utover to år, der sjukdommen gjer at vedkommande har behov for hjelp eller følgje for å kunne delta på arrangement
  • Følgjekort kan vera aktuelt for personar med:
    ▪ Rørslehemming
    ▪ Høyrselshemming
    ▪ Utviklingshemming
    ▪ Nokon psykiske lidingar
    ▪ Kroniske sjukdommar som t.d. alvorleg hjarte- og lungesjukdom
    ▪ Andre funksjonsnedsettingar eller kroniske sjukdommar


Det er inga øvre aldersgrense, men høg alder i seg sjølv gjer ikkje rett til følgjekort. Behovet må vera dokumentert.

 

Eigenandel

Tenesta er gratis

 

Heimel

Følgjekort er ikkje ei lovpålagt teneste, men ei frivillig ordning som heradet sjølv har valt å slutta seg til . BUFDIR har utarbeidd rettleiande nasjonale retningslinjer, og Ulvik herad sakshandsamar søknadar om følgjekort med utgangspunkt i desse.

 

Meir informasjon om ordninga

Bufdir - informasjon om følgjekort

Helsenorge - informasjon om følgjekort

Ledsagerbevis - www.ledsagerbevis.no