Innhald i tenesta
Ordninga gir brukaren høve til å sjølv styra kvardagen sin ved å vere arbeidsleiar for eigne assistentar. BPA skal gi større fridom, sjølvstende og deltaking i samfunnsliv, utdanning, arbeid og familieliv. Tenesta kan tilpassast individuelt og skal bidra til at personen kan bu i eigen heim og ha eit mest mogleg aktivt og meiningsfullt liv, trass i funksjonsnedsetting.
Kven kan få tenesta?
BPA kan tildelast personar under 67 år som har eit langvarig (minst 2 år) og omfattande behov for praktisk og personleg assistanse. Ved rett til BPA må hjelpebehovet vera på minst 32 timar per veke. Dersom behovet ligg mellom 25 og 32 timar, har ein rett til BPA dersom det ikkje inneber vesentleg meirkostnad for kommunen.
Brukaren må kunne vere arbeidsleiar, eller få hjelp til det.
BPA kan òg tildelast barn gjennom avlasting, og personar over 67 år kan få vidareført ordninga dersom dei fekk BPA før fylte 67 år. Kommunen har òg plikt til å vurdere BPA som teneste for personar som ikkje har rett etter lova, dersom det er den mest føremålstenlege løysinga etter ei individuell vurdering.
Eigenbetaling
Det vert rekna eigenandel for oppgåver som fell inn under praktisk bistand
Heimel
- Helse- og omsorgstenestelova § 3-8
- Pasient- og brukarrettslova § 2-1 d