Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ein alarmknapp til bruk i eigen bustad som gjer det mogleg å kunne tilkalla hjelp på ein enkel måte ved uføresette og akutte hendingar

Alarmen består av ein boks med høgtalar og mikrofon, og ein alarmknapp du kan bere som halssmykke eller klokke. Når du trykker på knappen, får du kontakt med helsepersonell ved Ulvik Omsorgstun gjennom alarmboksen. Dei vurderer situasjonen og kjem heim til deg dersom du treng hjelp – heile døgnet.

Tryggleiksalarmen er for brå og alvorlege endringar i helsa, når du ikkje klarer å hjelpa deg sjølv og treng rask hjelp. Døme kan vere fall med skade, pustevanskar eller andre akutte symptom.

Alarmen erstattar ikkje kontakt med fastlege, og ved livstruande situasjonar skal du alltid ringe 113.

 

Søknad om helse- og omsorgstenester

 

Særskilde vilkår for tryggleiksalarm

  • Tryggleiksalarmen skal berre nyttast i situasjonar som krev rask hjelp frå helsepersonell.
  • Tenesta kan avsluttast dersom alarmen vert misbrukt - til dømes at den vert utløyst i situasjonar som ikkje kan definerast som akutte.

Kven kan få tryggleiksalarm

  • Personar med stor risiko for fall, og som ikkje klarar å komma seg opp utan hjelp
  • Personar med alvorleg eller kronisk sjukdom, t.d. KOLS, diabetes, hjartesjukdom
  • Personar som har vanskar med å bruka vanleg telefon eller mobiltelefon for å tilkalla hjelp
  • Personar som kjenner seg utrygg, eller føler uro i heimen

Eigenbetaling

Ein betalar ein fastsett sum per månad, i tillegg til eit monteringsgebyr.
Prisen vert fastsett av heradsstyret, og kan verta justert - sjå gebyrhefte.

Heimel

Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste, men eit velferdsteknologihjelpemiddel Ulvik herad vel å tilby sine brukarar