Matombringing

Matombringing er eit tilbod til heimebuande som på grunn av t.d. alder, sjukdom eller funksjonsnedsetting har vanskar med å laga mat og/eller ivareta sitt eige næringsbehov

Innhald i tenesta

Heimkøyring av frukost, lunsj, middag og kvelds sju dagar i veka (inkl. høgtidsdagar). Diettmat/spesialkost kan leverast ved behov.
 

Tenesta må søkast om og vert behovsvurdert.

Søknad om helse- og omsorgstenester

 

Tenestemottakars ansvar

  • Tenestemottakar må vere heime den tida maten vert levert
  • Tenestemottakar må opplysa om eventuelle allergiar/behov for diettmat
  • Ved endra behov, har tenestemottakar sjølv ansvar for å melde frå til kjøkenet. Utlevert mat vert fakturert

 

Eigenbetaling

Pris på tenesta vert vedtatt av heradsstyret, og oppdaterast årleg - ta kontakt med Tildelingskontoret for meir informasjon

 

Heimel

Utkøyring av måltid er ikkje ei lovpålagt teneste, men eit lokalt tilbod i Ulvik herad