Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologisk assistanse som med anna skal bidra til auka tryggleik, sosial deltaking og mobilitet. Målet er at ein skal styrka den einskilde si evne til å klara seg sjølv i kvardagen – til tross for sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne.

Velferdsteknologi inkluderer ei lang rekkje hjelpemiddel og teknologiske innrettingar – som til dømes tryggleiksalarm, komfyrvakt, røyrslesensor og hugsehjelpemidlar som t.d. medisindosett.

Kven kan få tenesta?

Velferdsteknologi er ein del av den ordinære helse- og omsorgstenesta, og tildelast etter at ein har kartlagt aktuelt behov for tenester. Velferdsteknologi vil vurderast på lik linje med andre tenester.

Eigenbetaling

Eigenbetaling vil variera. Dersom velferdsteknologi vert nytta for å yta helsehjelp, skal det ikkje krevjast eigenbetaling.

Heimel

Velferdsteknologi er ikkje definert som ei eiga teneste i lovverket

Kontakt

Ved spørsmål om velferdsteknologiske hjelpemiddel, ta kontakt med leiar for heimebaserte tenester, Siv Vindal - tlf. 40 00 71 90 

Søknad

Sjå Søknad om helse- og omsorgstenester for informasjon om korleis du søker på helse- og omsorgstenester