Følgjekort (ledsagerbevis)

Om du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søka om følgjekort. Ulvik herad tilbyr i utgangspunktet berre digitalt følgjekort. Dersom du meiner du har behov for fysisk kort må dette grunngjevast. 

Du søker om følgjekort/ledsagerbevis digitalt (logg inn med BankID): Ledsagerbevis - digital søknad. 

 

Dersom du ikkje kan søka digitalt, ta kontakt med tildelingskontoret på tildeling@ulvik.kommune.no eller tlf. 418 66 961 (merk at sensitiv informasjon ikkje skal sendast per e-post).

Innhald i tenesta

Følgjekort er eit digitalt kort som du får tilgang til via ein app på telefonen. Kortet inneheld bilete og namn på innehavaren. Kortet skal gje følgjeperson fri tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel der ordninga vert akseptert.
Ordninga er landsdekkjande og kan nyttast over kommune- og fylkesgrensene. Du må sjølv undersøkje om følgjekortet vert godteke på arrangementet du vil delta på
Merk at følgjekort er ei norsk ordning og du kan difor ikkje rekna med at kortet vert akseptert i utlandet.

Lurer du på kvar følgjekortet er gyldig? Sjekk ut ledsa.no - der finn du samla oversikt over kva plassar som godtar følgjekort, og eventuelt kva vilkår som gjeld.

 

Kven kan få tenesta?

  • Vaksne med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med antatt varigheit utover to år, der sjukdommen gjer at vedkommande har behov for hjelp eller følgje for å kunne delta på arrangement
  • Følgjekort kan vera aktuelt for personar med:
    ▪ Rørslehemming
    ▪ Høyrselshemming
    ▪ Utviklingshemming
    ▪ Nokon psykiske lidingar
    ▪ Kroniske sjukdommar som t.d. alvorleg hjarte- og lungesjukdom
    ▪ Andre funksjonsnedsettingar eller kroniske sjukdommar


Det er inga øvre aldersgrense, men høg alder i seg sjølv gjer ikkje rett til følgjekort. Behovet må vera dokumentert.

 

Eigenandel

Tenesta er gratis

 

Heimel

Følgjekort er ikkje ei lovpålagt teneste, men ei frivillig ordning som heradet sjølv har valt å slutta seg til . BUFDIR har utarbeidd rettleiande nasjonale retningslinjer, og Ulvik herad sakshandsamar søknadar om følgjekort med utgangspunkt i desse.

 

Meir informasjon om ordninga

Bufdir - informasjon om følgjekort

Helsenorge - informasjon om følgjekort

Ledsagerbevis - www.ledsagerbevis.no