Ergoterapeutar fremmar aktivitetsutføring, legg til rette for meiningsfull aktivitet og utviklar inkluderande omgivnader for at flest mogleg skal kunna oppleva deltaking og meistring.
I Ulvik herad er det ein ergoterapeut i 60% stilling, som har kontor på Ulvik Omsorgstun. Tenesta er gratis.
Ergoterapeuten kan hjelpe deg med:
- Samtale om viktige aktivitetar for deg, korleis kvardagen din er no og ønsker for framtid.
- Funksjonsutgreiing, testing, kartlegging og observasjon av korleis du utfører dei daglege aktivitetane dine.
- Trena på å utføra/meistrar dei daglege aktivitetane dine.
- Råd, rettleiing om korleis bustaden og/eller andre arenaer du ferdast på kan tilpassast og gjerast funksjonell for deg.
- Tilpassing av bustad - moglegheit for å søka tilskot og lån.
- Bistå med å vurdera behov for tekniske hjelpemiddel, søknad og opplæring i bruk.
- Samarbeider med andre tenester/faggrupper ut frå behovet ditt, og kan visa vidare ved behov.
- Kunnskap om universell utforming i eksisterande bygg og uteområde.
Kontakt
Leiar heimebaserte tenester Siv Vindal - tlf. 40 00 71 90