Dersom ein har behov for hjelp i kvardagen, kan ein søkje om ulike helse- og omsorgstenester, som til dømes heimesjukepleie, praktisk bistand eller institusjonsopphald.
Det er ikkje naudsynt å be om ei konkret teneste – det viktigaste er å skildra situasjonen og kva ein treng hjelp til. Tildelingskontoret vurderer deretter kva slags tenester som kan passa den einskilde sitt behov.
Søknad om helse- og omsorgstenester - Ulvik herad
Informasjon Mitt Aidn
Har du spørsmål kan du ta kontakt med oss på følgande måte:
Kontaktinformasjon:
Telefon: 40 00 71 91 eller 41 86 69 61
E-post: tildeling@ulvik.kommune.no
(ver merksam på at sensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post)
Lover og regelverk
Saman med ei rekke rundskriv og rettleiarar, er helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettslova sentrale i prosessen i utforming av tenestetilbodet. Helse- og omsorgstenestelova regulerer heradet sitt ansvar for å gi innbyggjarane nødvendige og forsvarlege tenester, og har med anna som mål å sikra eit heilskapleg tilbod som fremjar tryggleik, førebygging og god oppfølging. Pasient- og brukarrettslova gir innbyggjarane rettar i møte med tenestene, med anna retten til nødvendig hjelp, informasjon og høve til å medverka.
Eit grunnleggande prinsipp i begge lover er retten til medverknad. Det betyr at du som søkar eller mottar tenester skal få vera med å påverka utforminga av helsetenesta, slik at den blir best mogleg tilpassa dine behov og ønsker. Tenestetilbodet skal så langt som mogleg utformast i samarbeid med deg som brukar. Samtidig er det viktig å understreka at det er avdeling helse og velferd som har ansvar for å vurdera behovet, og som etter ei vurdering avgjer kva tenester du har rett på, og på kva måte dei skal gis.
Tildeling og utmåling av tenester baserast på funksjonsnivå og behov, ikkje diagnosar eller alder.
Aktuelle lovar
- Forvaltningslova
- Helse- og omsorgstenestelova
- Helsepersonellova
- Pasient- og brukarrettslova
Aktuelle forskrifter og retningslinjer
- Forskrift om habilitering og rehabilitering
- Kvalitetsforskrifta for pleie- og omsorgstenestene
- Verdighetsgarantiforskrifta
- Retten til eiga tru- og livssynsutøving