Kva må søknaden innehalde?
- Kva du treng hjelp med
- Korleis kvardagen din er påverka
- Om du samtykkjer til at me kan innhente relevant informasjon frå andre tenester (t.d. fastlege, spesialisthelseteneste)
- Diagnosar me må veta om
- Legg gjerne ved aktuelle vedlegg/fråsegn frå t.d. behandlar, fastlege osb - dette kan forkorta sakshandsamingstida
Merk: Dersom du ikkje samtykkjer til informasjonsutveksling, kan dette påverka kva tenester du får tilbod om.
Det er ikkje naudsynt å søkje om ei konkret teneste – skriv heller om behovet ditt, så vurderer vi kva tenester som kan passa.
Treng du rask hjelp?
Dersom situasjonen din krev rask oppfølging, ta kontakt på telefon. Me gjev og rettleiing dersom du er usikker på kva du kan søkja om eller korleis du skal gå fram.
Ved akutte hendingar sjå her: Akutte tenester - Ulvik herad
Kva skjer etter at du har søkt?
- Søknaden vert fortløpande vurdert
- Me innhentar nødvendig informasjon
- Ved behov avtalar me ein samtale eller eit vurderingsbesøk med deg
- Vedtak blir fatta med grunnlag i helse- og omsorgstenestelova
Kartlegginga vert vanlegvis gjort av sakshandsamar og relevant fagperson frå tenesta.
Dersom du allereie får tenester og treng meir hjelp, må du sende inn ein ny søknad om oppauke
Spørsmål, eller behov for hjelp til å søka?
Ved spørsmål eller behov for hjelp i samband med søknad om helse- og omsorgstenester kan ein ta kontakt med Tildelingskontoret
Informasjon om Tildelingskontoret